7. desember 2008

Stavanger 2008 – avslutningsseremoni


I går var eg som mange tusen andre Siddisar i byen for å sjå på avslutninga av byens store kulturår. Full av forventningar sto og i 2 timer på toget og venta på at noko sko skje.
Me vart lova eit lyd og lys show me aldri før hadde sett maken til.

Men kva var lyden. Jo det var ein serdeles sær kor musikk som ingen i byen kunne kjenne igjen og da nokon følelsar for. Nå, eit døgn etter kan eg ikkje hugse takten ein gong!

Lys showet avgrensa seg til ein grøn lyskastar som kunne sende ut lysstrålar i bøljar. Ok, det var fasinerande, men eg hadde venta noko meir enn ein grøn bølje.

Det finaste med heile seremonien var seglskuta Nortun son blei opplyst i mørket då den segla ut frå vågen med ein syngande jente om bord.

Opninga av Stavanger 2008 var hundre gongar betre!

1. desember 2008

Røykvarslaranes dag

Dette er ein dag på høgde med kvinnedagen og bolletirsdag! I dag er det røykvarslaranes dag, og det betyr at alle må skjekke om dei er i orden. Viss dei er det lagar dei ein fæl dyr når du trykkar på knappen og held den inne.
Unngå å dø i brann denne jula også. Ha røykvarslar på rommet, og brannslokningsapparat under senga!

26. november 2008

Bokmål tuller det til for seg sjølv.


Du trudde kanskje du kunne bokmål?
Då trudde du kanskje at pubar hadde ”sjenkebevilgning” også?
Googlar du på dette ordet for du 1 040 treff. Men sanninga er at ingen pubar nokon gong har hatt ”bevilgning”, og aldri vil dei få det heller. ”Bevilgning har noko med pengar å gjere. På Wikipedia står det; ” En bevilgning er et vedtak om å stille en bestemt pengesum tilgjengelig for et uttrykkelig formål.”

Har du høyrt om ordet ” Bevilling”? Det er nemleg skjenkebevilling pubane har. Googlar du på dette ordet får du 1 160 treff. Nesten 50 % av treffane på dette ordet er altså stava feil. Korleis er det mogeleg? Svaret ligg vel i språket. Skriftsspråket bokmål som alle trur er så mykje lettare enn nynorsk. Men sanninga er at bokmål har mykje meir vanskelege ord og uttrykk. På grunn av dette har mange bedrifter i Noreg gått over til å bruke det nynorske ordet ”løyve” i staden for bokmålsordet ”bevilling”. Eit døme på det er Oslo Taxi. Der har drosjane løyve til å kjøre.
Nynorsken er altså i ferd med å komme inn og overta ord i bokmålet. Tilfeldig? Neppe!

21. november 2008

Lysande høge prisar!




Her ein dag skulle eg skifte ein lyspære på bestefar sin bil. Ein gamal rød Opel Astra med øydelagt koplingspedal, fjuskande motor og falma lakk. Eg køyrte ned til den lokale Statoil stasjonen og plukka ut den gamle pæra. Ein standar H4 halogen pære, som sit i dei aller fleste bilar. Dama bak kassa på Statoil stasjonen så rart på meg da eg spurte etter pæra. Ide ho skulle sende meg til fruktdisken viste eg den gamle pæra. Litt flau forsvann ho ut på lageret, før ho kom tilbake med ny pære etter eit minutt. Etter ha å betalt 115 kronar for pæra kunne eg gå ut og skifte på bilen. Nøgd med å ha hjelpt bestefar kom eg heim og slang meg i sofaen. Riktig nok er det ein trebenk, men det sto ein sofa der før. I enden av benken fann eg årets Biltemakatalog. Nysgjerrig som eg er slo eg opp på H4 halogenpærer. På Biltema kosta den same pæra 35 kronar!

20. november 2008

Austlendingar, ein landeplage?

Her skal eg prøve å glede dykk med eit kåseri eg skreiv for nokre år sida. Kåseriet har ført til heftige diskusjonar på andre nettstadar. Men innhaldet er jo sant, eller?

Dei er over alt, uansett kvar eg går så treff eg dei. Til og med på skulen er det austlendingar. Det firkanta harde talespråket deira slår seg inn i hovudet mitt som ein slagdrill i ei lecablokk. Hadde eg vore på austlandet hadde eg gjømt meg vekk, med desse austlendingane vandrande rundt med heva hovud som om dei er konge over alle vestlendingar. Og jammen trur dei det også. Ser du to som kranglar, så er det garantert ein austlending innblanda, og dersom det ikkje er det, så tar det ikkje lang tid før ein med skarp dialekt er på staden. Han har alltid svaret, og veit alt! Dersom ein vestlending prøvar å sei noko mot han, så kan han rekna med å få huda skjelt full av stygge ord og krenkingar. Det er merkeleg kor mykje ein austlending veit, i alle fall kor mykje han trur han veit. Det er tydelegvis sosial status å vite alt på austlandet. Ikkje rart det er mykje vold og krangling i Oslo. Når dei ikkje kan overgå kvarande med kunnskap, som sikkert er helt feil frå begge sin side, så må dei begynne og slåss. Kva dei tener på det er heilt umogeleg for ein enkel vestlending som meg sjølv å forstå.

Her ein dag fant fann eg ut at alle austlendingar har dysleksi. Dei kan jo rett og slett ikkje snakke! Har du nokon gong høyrd ein Austlending sei inni eit ord? Ta til dømes namna Maren, Bjørn og Martin. Her ville ein austlending sagt ”Ma-an”, ”Bjøn”, og ”Mattin”. Kvifor i helsike seier dei noko anna enn det som står? Det er som om eg skulle kalle ein som heiter Helge for Hege. Eg kuttar ut ein bokstav og ordet får ei heilt anna meining. Men austlendingane har jo alltid rett, så det er nok ein baktanke med det…

Eg hugsar eg var på austlandet på speidarleir ein gong. Da kom eg i snakk med ein austlending, som påsto at eg snakka rart. Snakk om å vera trongsynt. Står der og påstår at den firkanta og tunge dialekten deira er betre enn den flotte og flytande Rogalandsdialekten mi. Austlendingar er nemleg trongsynte, for dei ser berre det dei vil sjå og overser alt anna. 60 soner på vestlandsvegane til dømes Dei har tydelegvis ikkje 60 sonar på austlandet, dei klarar ikkje å sjå dei i alle fall. Viss eg køyrer i 60, i ei 60 sone tar det aldri meir enn 2 minuttar før ein BP registrert bil ligg i spegelen. Ofte ligg den så nærme at ein ikkje kan sjå panseret på bilen ein gong. Før eg veit ordet av det, så ligg bilen å sida av meg på veg forbi. Det er garantert ein 40 år gamal mann med barn i 8 -10 års alderen som skal på ferie. Kvifor dei kjem til vestlandet når dei berre klagar likevel veit ikkje eg, og ikkje finn eg eit svar heller. Men eg har ein god teori. Eg trur austlendingane er så misunnelege på den vakre naturen vår at dei bryt alle prinsipp og reiser her til. På austlandet har dei berre ein fjord og masse granskog. Fjorden som dei kallar for Oslofjorden er dekka av små hurtiggåande båtar med bortskjemde tenåringar. I våre auger er desse båtane sjølvsagt store, men austlendingane er litt inspirert av Amerika når det gjelder storleikar. Strandsona langs Oslofjorden er dekka av svære hytter som er større enn husa vi vestlendingar bur i. Ikkje rart det, for den skarpe dialekten deira kunne knust alle glasa i eit normalt hus. Husa må være så store at lydbølgjene frå kjeften deira nesten forsvinn før dei treff noko.

Granskogen på austlandet ligg så langt uti ”granskauen” at ingen gidder og oppsøke den. Det var derfor austlendingane vart så sure når Norsk skog la ned papirfabrikken. No vert det ikkje hogd like mykje frå skogane slik at austlendingane kan lage golfbanar og burettslag. Det er altså ikkje noko natur som er verd å sjå på austlandet. Derfor kjem austlendingane til oss og utnyttar vår uimotståelige natur. Austlendingane kan på fleire måtar samanliknas med tyskarar som kjem i camping bilane sine. Begge oppsøker naturen, og begge irriterar i trafikken. Berre austlendingane køyrar for fort, og tyskarane køyrer for seint.

Austlendingar er på mange måtar ein eigen folkerase. Alle folkerasar har sine særtrekk, men det er likevel noko spesielt med austlendingar. Dei er over alt og kan alt betre enn alle andre. Dei er nokre merkelege skruar som ikkje eg forstår meg på.

19. november 2008

Ny blogg

Hei og velkommen til denne litle sida. Her kjem eg til å skrive om alt som mest sannsynleg ikkje er så interessant for deg, men som likevel er greitt å få med seg.

I hovudsak vil innlegga handla om opplevingar på min kvardag utanom det vanlege.
I dag har eg til dømes 18 års dag. Fæle greiar. Eg har aldri likt å bli eldre. Men alle skal me den vegen hana sparkar. Sidan det er finanskrise, såtte eg finne ein gratis presang til meg sjølv. Det var kanskje litt sær presang til meg sjølv å oppretta denne sida. Men den var i det minste gratis.

Jaja, nok for denne gong. Følg med vidare.