
I går var eg som mange tusen andre Siddisar i byen for å sjå på avslutninga av byens store kulturår. Full av forventningar sto og i 2 timer på toget og venta på at noko sko skje.
Me vart lova eit lyd og lys show me aldri før hadde sett maken til.
Men kva var lyden. Jo det var ein serdeles sær kor musikk som ingen i byen kunne kjenne igjen og da nokon følelsar for. Nå, eit døgn etter kan eg ikkje hugse takten ein gong!
Lys showet avgrensa seg til ein grøn lyskastar som kunne sende ut lysstrålar i bøljar. Ok, det var fasinerande, men eg hadde venta noko meir enn ein grøn bølje.
Det finaste med heile seremonien var seglskuta Nortun son blei opplyst i mørket då den segla ut frå vågen med ein syngande jente om bord.
Opninga av Stavanger 2008 var hundre gongar betre!
1 kommentar:
Det e eg heilt enige i. Musikken va særdeles alternativ. Det einaste som va fin va då korene sang deilig er jorden. Syns egentlig heile kulturåre har vert ganske så tafatt. Bortsett fra åpningen! Alt har vert så alternativt og sært, og eg har ennå til gode å hørra nogen så skryte av et arrangement dei har vert på i forbindelse me kulturbyen...
Legg inn en kommentar